onsdag 15. desember 2010

"Myrkdalen- masse snø", men det kan godt komma meir...



To godt nøgde innehavara av årskort i heisen heima i Myrkdalen har vore på ski i dag.
Kom køyrande i går kveld. Lang køyretur frå Nesje, via Trondheim og heim. Etter å ha vore på farten frå kl 5 om morgonen til klokka halv tolv på kvelden, var det greit å sova frampå litt før me kom ut i heisen til sol og -7 grader. Ein fin arbeidsdag med andre ord:-)

Yr.no melder at det skal snø godt i kveld og i natt, og i skrivande stund lavar det ned på -5 grader. Kan vera det vert ein grei arbeidsdag i morgo og:-)

Står frampå kanten på Ondrehaugen, kikkar heimover dalen før me skal skri ned lia og heim til Helgeland. Best å skri på ski heilt til døra:-)

På toppen av Kari Traa- trekket. Sjå skodda som ligg over Vangen heilt øverst til høgre på biletet. Her i høgden er det sool.

Det var så god plass i annlegget i dag at me nytta høvet og sat på kvar vår 6-setar i stolheisen. Kjetil sit framom her og nyt utsikta.


fredag 10. desember 2010

Utetime heile dagen, kvar dag





Fin veka i Romsdalen. Det har komme mykje nysnø, nesten litt vel mykje ( om det går an:-). Me har arbeida hardt med formen; vore på Skaret på langrenn, ein tur oppover mot Skåla og ein tur mot Urfjellet. Og alt i desemberdagsljos.

I skogen opp mot Skåla. Viktig å senda MMS med "Har du det fint på arbeid?" når ein er på skitur ein onsdag føremiddag.


Så begynte det å snøa att. Me gjekk opp til skoggrensa og snudde der.


Og fekk ein fin tur ned i nysnøen:-)


lørdag 18. september 2010

Italy :-)

Me har vore ein liten tur til Italia me no i september. Hovudærendet var brudlaup, så vart det sjølvsagt tur i tillegg. Fyrst var me i eit område rett sør for Napoli, budde i ein liten by som heiter Vico Equense. Tok toget ( lyntog som gjekk i 300 km/t!) til Milano og vidare derifrå til Como.

Turen i stikkordsform: fantastisk brudlaup, trivlege folk, mykje mat (- spesielt mozarellaost:-), jogging langs stranda, siktsjåing, fjelltur og sykkeltur. Como, rett nord for Milano.



Ein flik av Comosjøen.







Pomeii

Båthavna i Vico Equense, med Napoli og Vesuv i bakgrunnen.


Opp på klippa i bakgrunnen ligg VicoE.







onsdag 14. juli 2010

Herøy og Dønna på Helgelandskysten


På laurdag vart det ny køyredag (og natt..) som enda opp på ein camping utanfor Sandnessjøen. Slo opp teltet ca halv fem på morgonen på sundag, sov nokre timar og vakna av at det var så varmt at det ikkje kunne vera noko anna enn strålande sol ute. Over hustaket framfor teltet såg me rett i De syv søstre. Det frista å ta turen over alle i det fine veret, men etter knappe 4 timar horisontalt, fann me ut at me fekk drøya litt med 12 timarstur og heller ta ein krusetur på sykkel i sola.

Me bunkra opp med mat og etter tips frå han på campingen, sykla me 2-3 km til ferjekaien på Søvik for å ta ferja over til Herøy. Når me kom dit, var det heilt tomt i køen, noko som aldri er eit godt teikn når ein ikkje har sjekka rutetidene. Ferja hadde gått eit kvarter før, og neste gjekk om nesten to timar. Men sola skein og me klarte godt å slumra litt på ein av benkane der - det er tross alt ferie.

Frå Herøy sykla me mot Dønna og hadde heile tida Dønnamannen i sikte. Vegen snirkla seg fram, og det som var av bakkar, var opp og ned frå småbruene som hekta øyene saman. Lett og fin sykling, som nok kan vera noko meir utfordrande på dagar med berre litt vind. Det er lite som tek imot og havet er rett utom.

På Dønna sykla me til Tingstad, der det er fin merkaløype opp på Dønnamannen. Der vart det sko- og klesjustering før me begynte å gå oppover. Det er ein bakke opp, berre avbrote av ei lita flate omtrent midtvegs, og såleis ein effektiv tur. Opp mot toppen vart det litt brattare og med mest jord og sand til underlag. Me snakka om at det hadde vore fint med fjellsko i staden for joggesko, men det gjekk heilt greit. På toppen var det utsikt over heile Helgelandskysten. Og det er mykje øya og holma! Frå hovedtoppen på 858 moh, tok me ein svipptur bort på neste og, berre for å ha gjort det.
Me var nede ved syklane igjen etter rundt 3 timar og då var det godt å trø litt lett bortover mot ferjekaien på Bjørn. Møtte mykje bilar, så me forstod at det var komme ferja. Trødde på ekstra i håp om å sykla rett innpå, men også på denne kaien var det tomt når me kom, og ein time å venta på neste. Då rakk me is og cola på turistinformasjonen. Etter 20 minuttar med ferje var me i Sandnessjøen og hadde berre ei mil att til campingen. Godt å få dusja og laga middag på stormkjøkkenet, før soveposen venta.

Vakna fleire gonger av vind og etter kvart styrtregn på teltet, og det var inga overrasking at himmelen var grå og tung då me vakna på mandagsmorgonen. Meldingane framover var heller ikkje så lystige, så me fann ut at me heller ville reisa heim og la resten av turane på Helgelandskysten venta til ei anna gong.
.









torsdag 8. juli 2010

Livet er for kort til å sova bort sumarnatta.

Då er fyrste ferieveka gått. Har ikkje heilt hatt feriefølelse enno, mykje ordning og farting. Evige tidsoptimistar med litt for mykje på planen lyt ofte ta sovetida av døgeret i bruk. Pakka og snekra og vaska til langt på natt, og ikkje minst køyrt bil. Og det er når ein køyrer bil gjennom natta over Sognefjellet at ein fort kan bestemma seg for å verta veldig A- menneskje. Når sola står opp og skin på dei høgste toppane som enno (eller alltid) er snø på. Kamera var langt nedpakka desverre, men biletet ligg bak augloka- i panoramautgåve.

Køyrde ferielass i gårnatt, så no er me her- i det raude huset i skogen. Det er her feriefølelsen kjem. Snart skal me på tur inspirert av sagnet om kvifor det er hol i Torghatten:-)

fredag 18. juni 2010

Livet er for kort til å kjeda seg!

Då har ein av oss begynt ferielivet. Adjunkten hadde siste arbeidsdag i går -og kjeda seg allereie. Ikkje akkurat noko stor overrasking, men kanskje litt tidleg? Må ordna noko snikkarprosjekt litt fort!

Dagens tur har gått til Obs på Lade, i bortoverregn. Nyinnkjøpt turjakke er testa og var veldig bra:-)

tirsdag 15. juni 2010

Livet er for kort til å ikkje ha ein blogg.

Eg har lenge tenkt heilt omvent: Livet er for kort til å bruka tid på å skriva og leggja ut om ting på nettet. Men, livet er for kort til å ikkje kunna ombestemma seg og:-) Grunnen til heilomvendinga er innlysande. Om to veker er det ferie, laaang ferie. Både eg og Kongen av Bøckmans skal ha fri frå arbeid til august neste år. Eit år og to måndar med ferie. Høyres heilt greitt ut, eller kva? Og når me ikkje skal henga rundt i Bartebyen sånn til kvardags, har me lyst å fortelja litt om kva me driv med.

Me har ingen plana og masse plana. Det er det som er planen!